Gjennom inspirasjon frå diakon Ole Hafell i Tunsberg bispedømme, og ved økonomisk støtte frå OVF-midlar har diakonane i Telemark utarbeidd eit undervisingspakke til bruk i dei vidaregåande skulane. Prosjektet er kalla Ung Sorg. Målet er å gje to timar undervising til alle fyste klassene i vidaregåande opplæring i fylket. Diakonane har vore samla til to samlingar for å dyktiggjere seg på stoffet , fyrst på Modum og for nokre veker sidan i Kragerø. Her var det også representantar Agder- delen av bispedømet. Opplegget blir vidare presentert på samlinga for diakonar og diakoniarbeidarar på Vegartun i februar. Hanne Salvesen, Ole Hafell og Siri Seltveit Danielsen utgjer styringsgruppa for prosjektet
VIL HJELPE UNGDOM MED SORGA
Eit nytt diakonalt prosjekt med stor rekkevidde held på å utvikle seg i Telemark. Prosjektet som er kalla Ung Sorg og er eit nytt undervisningsopplegg for fysteklassane i vidaregåande.

Diakonane i Telemark samla var samla i Kragerø i november for å lære om Ung Sorg. Heilt fram til venstre diakon Ole Hafell frå Ung- Sorg Vestfold.